Israels statsminister Benjamin Netanyahu seier han avviser 15-punktsplanen for Gaza som Donald Trumps såkalla fredsråd kom med i slutten av juli, melder Reuters. Netanyahu sa dette i starten av eit møter i regjeringa søndagUSAs president Donald Trump kalla planen historisk, og sa at både Israel og Hamas hadde godkjent planen, som blant anna gjekk ut på at Hamas og andre væpna grupper i Gaza skulle levere inn alle våpen, og at Israel skulle trekke tilbake soldatar frå Gaza. – IDF vil ikkje gjere noko tilbaketrekking før Hamas er reelt avvæpna, og vil vi halde fram å avverje truslar mot styrkane og borgarane våre, sa Netanyahu, ifølge AFP.