Organisasjonen Med Israel For Fred (MIFF) opplevde i natt at teltet deira på Arendalsuka blei utsett for hærverk. Teltet er skjært opp og det er også skrive «folkemord» på teltet. Også i fjor blei MIFF sitt telt utsett for hærverk. MIFF er ein Israels-venleg organisasjon og har mellom anna delteke i debatten om krigen i Gaza. Leiar Conrad Myrland seier til NRK at det er synd at dei opplever slike hendingar på eit arrangement om demokrati og ytringsfridom.